Kontrakt på fiskefartøy til Russland

 

Pressemelding:

Meddelelse om kontrakttildeling og signering på leveranse av design, arbeidsteikningar og teknisk bistand under bygging av fleire SK-3101R fiskefartøy i Russland.

Skipskompetanse, eit selskap med spesialkompetanse innan design og teknisk utforming av fiskefartøy, har nyleg blitt valt til levering av design, teikningar og teknisk bistand, i høve bygging av fleire nye fiskefartøy basert på Skipskompetanse sitt eigeutvikla SK-3101R design. SK-3101R er eit utprøvd fiskefartøy design som er brukt til trål, snurrevad og ringnot havfiske.

Fartøya skal eigast av eit av dei største fiskeriselskapa i Petropavlovsk – Kamsjakta regionen i Russland, V.I. Lenin Collective Fishing Farm. Denne regionen står for ein stor andel av fiskefangsten landa i Russiske farvatn. Bygginga av fartøya skal utførast av Russisk verft og redar er samd med Yantar JSC i Kaliningrad om bygging og utrysting av desse moderne og effektive SK-3101R fartøya. Redar, Verft og Skipskompetanse er og einige om ein opsjon på bygging av fleire fiskefartøy etter leveransen av dei faste avtalene.

Fartøya i denne fyrste designserien blir 50 meter i lengde og 12 meter i breidde. Fartøya blir bygde etter Russisk isklasse krav og vil ha RSW tankar på 800 m3. Fartøya blir klargjorde for eit mannskap på 15.

Skipskompetanse vil og bidra med utveljing og leveranse av tekniske løysingar til bruk om bord i desse fartøya og det er forventa at fleire Norske leverandørar vil bli forspurde om leveransar. Levering av fyrste ferdige fartøy er satt til 1 kvartal 2018.

For Skipskompetanse er dette ei svært gledeleg nyheit og viser igjen styrken og kvaliteten i grunnarbeidet gjort på SK sine design innan fiskeri. Tidligare i 2015 har Skipskompetanse og levert designpakkar til 3 levande fisk fraktebåtar, eit anna design satsings område for Skipskompetanse.

Dagleg leiar Per Jørgen Silden uttalar at denne kontrakta er ein viktig milepel for Skipskompetanse og vår internasjonal satsing i 2015.  Nasjonalt satsar vi og innanfor fiskeri og vi vonar og trur sterkt at vi skal lykkast vidare også i det vi kallar heimemarknaden.  Resultata som vi no ser kjem av hardt kvalitetsarbeid frå alle, både tilsette og andre tilknytte selskapet.

Skipskompetanse er eit ingeniørselskap med fokus på skipsdesign og skipsutvikling.  Vi held til i Måløy i Vågsøy kommune i eit område med lang og sterk historie innan fartøybygging og utvikling. Sjå meir på www.skipskompetanse.no 

Bilder:

  SK-3101R

Trykk her for å laste ned bilde av SK-3101R i høyoppløselig format.